Eit heilt år utan vår kjæraste Sunniva Det vondaste året som er mulig å ha. Alt vi ikkje har fått dele med deg, alt du ikkje har fått oppleve. Alt du var, som ikkje er, alt er tatt frå deg, og oss. Du er blitt tante, du har ein familie som manglar deg kvart sekund, kvart minutt, kvar dag og natt. Alle venene dine, og våre, alle er så uendelig fortvila og lei seg. Vi prøver Sunniva, kvar dag, å løfte fram det gode, og alle gode minner, – det er uendelig mange å ta av. Vi har laga minnefond for å ta vare på og vidareføre dei fine verdiane du målbar, mange har fått støtte derfrå og enno fleire har støtta arbeidet, det er vi veldig takksame for. Meiningsfulle oppgåver har dette gjeve oss, og vil gje oss framover. Men uansett kor mykje vi prøvar så er livet utan deg fryktelig tungt, og det at du som kjempa så hardt for glede, for helse, du som var så sterkt tilstade her på jorda, at du skulle verte utsett for denne grusomme ondskapen, – det er berre vondt å tenke på. Vi elskar deg for alltid Det er det mange som gjer, og grava di vitnar om det.