For å hedre minnet etter Sunniva Borgen – Født 8. desember 1997 Død 17. september 2021
I dag 30. September er det eit år sidan Sunnivas minnefond vart uformelt starta opp, det er også dagen då eg (mamma) heldt mi viktigaste tale hittil i livet, minnetala om Sunniva <3
Livet hennas vart altfor kort, men det var innhaldsrikt og gav svært mange gode opplevingar. Sunniva stod for glede, livsglede, omsorg, mot og styrke. Ho såg mange menneske som dei var og støtta der ho kunne. Arven etter henne er stor!
Sunnivas minnefond har i løpet av dette året opplevd stor gjevarvilje. Vi har fått støtte frå familie, vener, arbeidsplassane våre, kollegaer, kjende og ukjende personar for oss, bedrifter og privatpersonar. Nokon har gitt støtte til minnefondet som julegåve, som bursdagsgåve, som innsamling istadenfor gåve til seg sjølv. Andre gjev inntekt for utleige av hus, inntekter for bøker og til og med utbytte av veddemål. Mange gjev støtte fordi dei ynskjer å støtte oss i sorga, og for å støtte dette arbeidet, der vi veit at vi utgjer ein forskjel i livet for mennesker.
Alle desse beløpa har sett oss i stand til å støtte mange menneske, einskildpersonar og grupper som av ulike grunner lever i ei eller anna form for utanforskap. Vi delte ut støtte den 8. Desember, – Sunnivadagen-, og vi delte ut støtte den 8. Mai.
Vi skal fortsette det gode arbeidet og gjennom det fremje gode medmenneskelege verdiar i samfunnet.
Først ut no er Kunstutstilling i Åsane kulturhus (les meir her) 6-11 desember og utdeling av Sunnivaprisen på Sunnivadagen den 8. Desember.
Vi er veldig takksame for at vi ved alle gjevarar si hjelp kan støtte så mange mennesker, og på denne måten bringe vidare verdiane som Sunniva stod for <3
Ei stor TAKK til dokke alle, frå alle oss i familien og i Sunnivas minnefond!
P.S. Visste du at no kan du verte fast gjevar? Du finner det her: https://www.sunnivasminnefond.no/product/fast-giver/
+47 99468722
©2022 Sunnivas Minnefond