Idag er det to år sidan vårt gode, snille, vakre menneske, vår Sunniva vart bisatt i Eidsvåg kirke, også denne dagen var ein dag full av sorg og uendeleg smerte.
Igår fekk vi beskjed om at søknaden om anke frå drapsmannen til høgsterett vart avvist frå høgsterett sitt ankeutval.
Dette betyr at vi no får ei anna ro. Det betyr ikkje at smerten og brutaliteten er borte eller gløymt, Sunniva si smerte vil alltid vere mi smerte, og den er grusom. Men det å få vere i sorg og smerte utan usikkerhet om rettsprosessar og frykt for å måtte møte drapsmannen sine handlinger igjen i nær framtid gjev ei anna ro.
Vi kan også konsentrere oss om å formidle viktige verdiar for vårt lys, gjennom Sunnivas minnefond som hadde sin uformelle start idag, for to år sidan. Det er vondt, men også ei glede å minnes henne gjennom det viktige arbeidet for uendeleg mange som vi får gjort gjennom minnefondet.
Snart vil de få informasjon om neste utdeling av Sunnivaprisen -23 og årets kunstutstilling.
Ei av kunstnarane som bidreg i år Marie Storaas , vart eg kjent med i vår stille og vonde veke i september. Eg fekk då kjøpe dette uendeleg sterke bildet, som eg kaller «Sunniva går». Her er ho både med oss, -og går inn i lyset. Ho er rak og sterk, mi Sunniva, og fyller oss alle med kjærleik