
På årets siste dag tek vi oss tid til refleksjon og takk.
Å miste Sunniva, på slikt eit brutalt vis er, og vil alltid vere, frykteleg og ingenting kan endre det. Sorga og smerta er botnlaus, mørk og stor, og det kjennes som om at alt skjedde i forgårs.
Å overleve og å kunne leve vidare i samfunnet er utfordrande, til tider oppleves det som umogeleg, men vi arbeider med å løfte lyspunkt og håp!
Å få arbeide med minnefondet er begge deler, og de som støttar oss er såleis av dei viktigaste støttene for lys og håp!
Vi vil takke alle som har bidratt til at Sunnivas minnefond har hatt eit aktivt år! Takk til alle som deltok som bidragsytarar og deltakarar på Sunnivas minnefonds menneskeverdseminar! Takk til alle som var bidragsytarar, vakter og deltakarar på Sunnivas minnefonds kunstutstilling! Ikkje minst: Takk til alle som støttar oss gjennom heile året med pengegåver! Faste gjevarar, ein gong pr. månad! Innsamlingar til bursdagar! Spontane gjevarar! Veddemål! Lesarar! Lotteri! Bedriftsgåver! Julegåver! Og andre innsamlings- og bidragsgåver! Det er utelukkande på grunn av dykk at vi kan dele ut støtte, i år er den samla summen på 200.000 kroner, til tiltak for unge sårbare menneske!
Vi takkar også våre støttespelarar (desse kan du lese om på her på nettsida vår) for solide tenester gjennom året!
Som styreleiar ynskjer eg også å takke styremedlemane som gjer ein stor jobb for oss, for innsatsen.
Takk for det gamle! Og med ynskjer for oss alle om eit bedre år i 2024!
Beste helsing Siv Yndestad Borgen , styreleiar i minnefondet og Sunniva si mamma
Kunstverket her er kreert av Terje Grimen og Dasha Kudari Art , og fotografert av Martin Smith.