8. Desember delte vi ut Sunnivaprisen 2024.
Tilsaman har minnefondet i løpet av tre år delt ut 600.000,- kroner til ulike tiltak, einskildindivid og organinsasjonar som forebygger utanforskap og eller gjev støtte til unge som lever i utanforskap.
Dette er overveldande mykje! Vi opplever at uendeleg mange ynskjer å hjelpe oss med å vidareføre Sunniva sine verdiar og halde det flotte mennesket sitt ettermæle levande på ein hjartevarm måte
Vi takkar alle så mykje for støtte i året som er omme om få timar!
Takk til alle gjevarar av økonomiske bidrag gjennom året, ikkje minst faste gjevarar takk til deg som har oss som mottakar av grasrotandelen, takk til kunstnarar, musikarar og andre hjelparar til minnefondet si kunstutstilling, takk til deg som gjev støtte innimellom. Takk til alle de som er der for oss i smått og stort, – vi ser dokke alle, men når ikkje alle med ein klem og direkte takk, så vi nyttar denne anledninga. Utan alle dokke hadde ikkje Sunnivas minnefond vore til
No seglar vi inn i det nye året i lyset av vår alles sol
Takk for det gamle kjære vener av minnefondet, – og gode ynskjer for 2025!